Sunnfjord Legesenter søker etter
Fastlege - vikar
Sunnfjord kommune har 4 legesenter med Skei, Naustdal, Sande og Førde som lokasjonar. Stillinga er ved legekontoret i sentrum av tettstaden Sande. Ved legesenteret er det 5 fastlegar og 1 LIS1 lege.
Vi har 1 ledig heimel som
-Vikar for fastlege ved Sande legekontor i Sunnfjord kommune.
Stillinga er ledig frå 01.09.2026 – 31.08.2027 - noko endring kan bli aktuelt
Det er 600 - 900 pasientar på listene, men pasienttalet kan justerast. Søkar må rekne med inntil 20 % kommunal stilling. Dei fleste fastlegane jobbar som sjølvstendig næringsdrivande, då kommunen har ein 8-2-avtale. Vi kan også tilby fastløn/hybrid-avtale og vi har gode ALIS avtalar. Kommunen deltek i eit interkommunalt legevaktsamarbeid med 5 kommunar. Legevakta ligg i eigne lokale ved sjukehuset og har ansvar for legevakt på kveld, natt og helg. Vi nyttar InfoDoc som journalsystem.
Vi er stolte av eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og hjelpepersonell.
For å få stilling må du fylle krava i fastlegeforskriften.
Det vil ved tilsetting bli lagt vekt på at søkarane er personleg skikka, kan vise til gode samarbeidsevner og snakkar/skriv godt norsk.
Gyldig politiattest av ny dato må leggast fram ved tilsetjing.
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakas offentlegheit i tekstfeltet til søknaden.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Helse
Stillingstype:
Lege
Søknadsfrist:
22.06.2026
Tiltreding:
01.09.2026
Arbeidsstad:
Sande i Sunnfjord
Kontaktpersonar:
Stilling: Einingsleiar
mob: +47 901 50 161
Heimeside:
https://www.sunnfjord.kommune.no/Adresse:
Hafstadvegen 42 0000 Førde