Barnehagane i Sunnfjord har ledige stillingar
Pedagogisk leiar,, barnehagelærar og barne- og ungdomsarbeidar
Vil du være med å lage eventyrlege barnehagedagar for barna våre? Då må du sjå her!
Sunnfjord kommune driv 16 kommunale barnehagar og vi vil tilby eit godt og brukartilpassa barnehagetilbod. Vårt mål er trygge barn som trivast. Vi ynskjer å gje dei gode vilkår for leik, læring og utvikling. Til dette treng vi fleire med på laget.
Vi har ledige stillingar i følgande barnehagar:
Hatlehaugen barnehage:
- 100 % fast stilling som barnehagelærar
For meir opplysningar, ta kontakt med einingsleiar Anita Bolstad Indrebø, tlf. 480 00 066, eller på e-post anita.bolstad.indrebo@sunnfjord.kommune.no.
Langhaugane barnehage:
- 100 % fast stillings som pedagogisk leiar
- 100 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar, vikariat
Dersom det blir intern tilsetting kan det bli ledig stilling som barnehagelærar.
For meir opplysningar, ta kontakt med einingsleiar Lena Kristin Slettemark, tlf. 954 06 109, eller på e-post lena.kristin.slettemark@sunnfjord.kommune.no
Alle stillingane er ledige frå ca 01.08.2026.
Barnehagane kan tilby deg:
- god oppfølging av nytilsette
- deltaking i team med sterk kultur for fagleg utvikling og læring
- systematisk kvalitetsarbeid i ein lærande organisasjon
- tillegg som pedagogisk leiar
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Kvalifikasjonar:
- du er utdanna som barnehagelærar eller barne- og ungdomsarbeidar
- du er ein relasjonsorientert person som viser omsorg og ser kvart enkelt barn
- du har gode evner til å leie barn og vaksne
- du kan arbeide sjølvstendig og har gode evner til samarbeid
- du likar å bidra til å finne gode løysingar og skape utvikling
- beherskar godt norsk, både skriftleg og munnleg
Vi har behov for tilkallingsvikarar også, så om det kan vere av interesse for deg så sender du ein søknad.
Kjenner du deg igjen i denne beskrivelsen håpar vi du vil søke på stilling i våre barnehagar.
For meir informasjon om dei ulike barnehagane sjå Sunnfjord kommune si heimeside. Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Utlysinga gjeld også stillingar som kjem til ved alle dei kommunale barnehagane i Sunnfjord kommune hausten 2026.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Barnehage
Søknadsfrist:
21.06.2026
Tiltreding:
August 2026
Arbeidsstad:
Sunnfjord
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.sunnfjord.kommune.noAdresse:
Hafstadvegen 42 6800 Førde