Sunnfjord kommune Bu- og avlastningstenesta

Bu- og avlastingstenesta har ledig stilling som

Rettleiar

Sunnfjord Bu- og avlastingsteneste  er ei døgnbemanna eining som yt avlasting til føresette med særs krevjande omsorgsoppgåver.  

Hos oss handlar kvar dag om å skape gode og trygge rammer for barn og unge med ulike funksjonsnedsetjingar frå 0-18 år. Vi ser etter deg med eit stort hjarte som ynskjer å nytte din fagkompetanse til å gjere ein skilnad. Fokus skal vere på meistring, tryggleik og glede. Ein har i stor grad mogelegheit til å legge opp arbeidsdagen sin sjølv. Du vil jobbe tett med føresette, skule, barnehage, spesialisthelsetenesta og andre som yt tenester til barn og unge for å sikre eit heilskapleg tilbod.  

 

Vi har ledig:

  • 2x100 % fast stilling som rettleiar

Ein jobbar i tredelt turnus med arbeid tredje kvar helg.  

Vi søker ein engasjert og utviklingsorientert person til nyoppretta stilling som rettleiar hos oss. Stillinga gir gode moglegheiter til å påverke og forme både innhaldet i rolla og utviklinga av tenesta, mellom anna gjennom arbeid med rutinar, arbeidsoppgåver, arbeidsmetodar og gjennomføring.

Stillinga inneber rettleiing i heim der ein i samarbeid med føresette skal kartlegge utfordingar i kvardagen og vidare følge opp i høve støtte, rutinar, struktur, samspel og forståing av barn og unge sine regulerings- og åtferdsvanskar.  

Formålet med stillinga er å redusere belastninga i familien og førebygge meir inngripande tiltak som avlasting utanfor heimen. 

Stillinga er for deg som har bakgrunn som miljøterapeut i arbeid med barn og unge med særskilte behov. Stillinga er ein kombinasjon av rettleiing i heim og miljøarbeid på avlastingsbustaden. 

Arbeidsoppgåver: 

  • Kartlegge utfordringane i kvardagen
  • Rettleie i tydeleg struktur og rutinar
  • Forutsigbar og visuell støtte  
  • Regulere før korrigere 
  • Støtte føresette i å forstå behova bak åtferd
  • Jobbe med foreldrestress og samregulering
  • Legemiddelhandtering 
  • Legge til rette for og gjennomføre meiningsfulle aktivitetar tilpassa den enkelte sitt funksjonsnivå 
  • Samarbeide med interne og eksterne instansar  
  • Planlegge, følgje opp og evaluere tiltak 
  • Oppdatere tiltaksplanar 
  • Fagleg, etisk og trygg gjennomføring ved behov etter Helse- og omsorgstenesteloven kap. 9  
  • Journalføring i fagprogrammet Cosdoc 
  • Matlaging, klesvask og anna førefallande arbeid 

 krav til søkar:

  • Førarkort kl. B 
  • Treårig bachelorgrad innan helse- og sosialfaglege utdanningar
  • erfaring frå miljøterapi med barn og unge, inkludert trygging, relasjonsbygging og strukturerte kvardagsrutinar
  • Må meistre godt norsk skriftleg og munnleg 
  • Du må vere sjølvstendig samt kunne samarbeide  

Personleg egenskapar blir vektlagt.

Vi søker deg som:

  • Er tolmodig og har eit ønske om å jobbe med barn og unge
  • Bidreg til eit positivt arbeidsmiljø og deler fagkunnskap med kollegaer
  • Er omsorgsfull, kan sette varme og tydelege grenser, og ser kvart enkelt barn 

Vi tilbyr: 

  • Ein meiningsfull kvardag der du kan gjere ein skilnad 
  • Eit inkluderande, fagleg sterkt og støttande arbeidsmiljø 
  • Varierte dagar med mykje aktivitet og glede 
  • Gode pensjons og forsikringsordningar 

Gyldig politiattest må leverast før oppstart i stilling.  

 

Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse

Stillingstype:

Rettleiar

Søknadsfrist:

02.08.2026

Arbeidsstad:

Sunnfjord

Kontaktpersonar:

Adresse:

Hafstadvegen 42 6809 Førde

Kart: