Sunnfjord kommune Bu- og avlastningstenesta

Bu- og avlastingstenesta har ledig stilling som

Sjukepleiar/Vernepleiar

Sunnfjord Bu- og avlastingsteneste  er ei døgnbemanna eining som yt avlasting til føresette med særs krevjande omsorgsoppgåver. Vi søker deg som vil vere med på å gjere ein forskjell i barn og unge sine liv. 

 

Vi har no ledig: 

1 x 100 % fast stilling som autorisert sjukepleiar/vernepleiar 
1 x 100 % vikariat som autorisert sjukepleiar/vernepleiar  
1 x 100 % vikariat som autorisert sjukepleiar/vernepleiar frå 01.12.2026  

Delar av den faste stillinga og vikariatet frå 01.12.26 er i heim på natt og dag. 

 

Bu- og avlastingstenesta yter tenester til føresette med særskilt tyngande omsorgsoppgåver for barn 0-18 år. Vi som jobbar her er assistentar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar, lærarar, pedagogar, sosionomar, vernepleiarar og sjukepleiarar. Vi held til i eit nytt tilrettelagt og praktisk bygg i sentrum av Førde og har meir enn 40 barn innom til ulike tider. Nokon bur fast i eigne leilegheiter, men dei fleste bur heime. Alle skal ha ein trygg og god oppfølging av oss når dei er her. Dei treng hjelp, rettleiing og trygge tolmodige tilsette som er støttande og ivaretakande. Vi følger barna til aktivitetar som  bading, i trampolineparken, klatrehallen, Hafstadparken, skibakken og elles finn vi på rolege aktivitetar inne eller ute på avlastinga

Vi ser etter deg med eit stort hjarte som ynskjer å nytte din fagkompetanse til å gjere ein skilnad. Vi legg opp dagane i samråd med føresette, barn, unge og samarbeidspartar etter barna sine ynskjer, interesser og behov.  

Her får du vere med på alt frå klatring, sykling, bading, ski, trampolinepark og fotball, til rolege aktivitetar som brettspel, teikning og kos inne - alltid med fokus på meistring, tryggleik og glede – ein har i stor grad mogelegheit til å legge opp arbeidsdagen sin sjølv. Du vil jobbe tett med føresette, skule, barnehage, spesialisthelsetenesta og andre som yt tenester til barn og unge for å sikre eit heilskapleg tilbod.  

Ein jobbar i tredelt turnus med arbeid tredje kvar helg.

Arbeidsoppgåver: 

  • Legemiddelhandtering 
  • Koordinator i ansvarsgrupper 
  • Skape trygge dagar gjennom tydeleg struktur og varme relasjonar 
  • Legge til rette for og gjennomføre meiningsfulle aktivitetar tilpassa den enkelte sitt funksjonsnivå 
  • Samarbeide med interne og eksterne instansar  
  • Planlegge, følgje opp og evaluere tiltak 
  • Oppdatere tiltaksplanar 
  • Fagleg, etisk og trygg gjennomføring ved behov etter Helse- og omsorgstenesteloven kap. 9  
  • Journalføring i fagprogrammet Cosdoc 
  • Matlaging, klesvask og anna førefallande arbeid 

Krav til stillinga:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Må meistre godt norsk skriftleg og munnleg 
  • Du må vere sjølvstendig samt kunne samarbeide 
  • Må vere personleg eigna og ha interesse for fagfeltet 
  • Førarkort kl. B 

Vi søker deg som:

  • Er tolmodig og har eit ynskje om å jobbe med barn og unge 
  • Du bidreg til eit positivt arbeidsmiljø og deler fagkunnskap med kollegaer 
  • er påliteleg, ryddig og ansvarsfull

Vi tilbyr: 

  • Ein meiningsfull kvardag der du kan gjere ein skilnad 
  • Eit inkluderande, fagleg sterkt og støttande arbeidsmiljø 
  • Varierte dagar med mykje aktivitet og glede 
  • Gode pensjons og forsikringsordningar 

Gyldig politiattest må leverast før oppstart i stilling.  

 

Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg! 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse

Stillingstype:

Miljøterapeut

Søknadsfrist:

02.08.2026

Arbeidsstad:

Sunnfjord

Kontaktpersonar:

Adresse:

Hafstadvegen 42 6809 Førde

Kart: