Bygstad barnehage har ledige stilling
Barne- og ungdomsarbeidar/fagarbeidar eller assistent
Vil du være med å lage eventyrlege barnehagedagar for barna våre? Då må du sjå her!
Vårt mål er trygge barn, som trivast. Vi ynskjer å gje gode vilkår for omsorg, leik, læring og utvikling, og til dette treng vi fleire med på laget.
Bygstad barnehage har fem avdelingar og ligg i flotte og tilgjengelege naturomgjevnader med Bygstad skule som næraste nabo.
Vi har 2 ledige stillingar
100 % fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar/fagarbeidar med relevant fagbrev eller assistent.
- 80 % fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar/fagarbeidar med relevant fagbrev eller assistent.
Begge stillingane er ledige frå 14.08.2026.
For meir opplysningar, ta kontakt med einingsleiar Anne Jorunn Fauske, tlf. 952 34 265 eller på e-post anne.jorunn.fauske@sunnfjord.kommune.no
Vi kan tilby deg:
- god oppfølging av nytilsette
- deltaking i team med sterk kultur for fagleg utvikling og læring
- systematisk kvalitetsarbeid i ein lærande organisasjon
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
Kvalifikasjonar:
- du har relevant utdanning som barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant fagbrev
- beherskar godt munnleg norsk
- personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- erfaring og interesse for arbeid med barn
- du er ein relasjonsorientert person som viser omsorg og ser kvart enkelt barn
- du har gode evner til å leie barn
- du kan arbeide sjølvstendig og har gode evner til samarbeid
- du likar å bidra til å finne gode løysingar og skape utvikling
Gyldig politiattest må leggast fram før start i stillingane.
Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Du søker elektronisk.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Barnehage
Stillingstype:
Barne- og ungdomsarbeidar
Søknadsfrist:
08.07.2026
Tiltreding:
14.08.2026
Arbeidsstad:
Bygstad
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.sunnfjord.kommuneAdresse:
Hafstadvegen 42 0000 Førde