Sunnfjord kommune Førde heimeteneste, eining 2

Førde heimeteneste, eining 2 har to ledige sjukepleiarstillingar

Sjukepleiar

Vil du vere med og forme framtidas heimeteneste?
Førde heimeteneste eining 2 held til på Førde omsorgssenter og er ei av seks heimetenester i Sunnfjord kommune. Vi gir tenester innan heimesjukepleie, heimehjelp, matombringing og velferdsteknologi til heimebuande innbyggjarar – og vi er stolte av å vere ei teneste i stadig utvikling.

Hos oss får du ein arbeidsplass med:

  • om lag 40 årsverk og eit fagmiljø med brei kompetanse 
  • høg satsing på velferdsteknologi 
  • aktiv deltaking i ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling 
  • sterk fagleg interesse for demensomsorg og gode heimetenester for innbyggjarane våre

Vi er ei levande og framtidsretta teneste – og no leitar vi etter to nye kollegaer som vil vere med og bidra til trygge, nære og profesjonelle tenester. Kanskje er det akkurat deg vi manglar?

Vi har ledig to vikariat som sjukepleiar: 

  • Stilling 1: 100 % sjukepleiar 11.05.2026 - 30.04.2027
  • Stilling 2: 100 % sjukepleiar 19.05.2026 - 31.03.2027

Stillingane inneber ein variert og meiningsfull arbeidskvardag med todelt turnus og arbeid kvar 3. helg.

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har: 

  • norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • gode norsk­kunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer oss sjukepleiarar som: 

  • er varme, omsorgsfulle og glade i menneske 
  • handterer ein travel kvardag med ro og tryggleik 
  • bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø 
  • kommuniserer og samarbeider godt 
  • er fleksible, løysingsorienterte og endringsvillige

Personlege eigenskapar vert vektlagde ved tilsetjing.

Vi tilbyr:

Hos oss får du: 

  • engasjerte og støttande kollegaer og leiarar
  • eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø
  • varierte og pasientnære arbeidsdagar
  • gode vilkår i tråd med gjeldande lover, reglar og tariffavtalar

Her får du bruke kompetansen din på ein plass der jobben verkeleg betyr noko – kvar dag.

Anna informasjon:

Søknad skal leverast elektronisk og må innehalde referansar.
Gyldig politiattest skal leverast før oppstart

Vi håpar akkurat du søker – velkomen til ein spennande jobb i Førde heimeteneste!

 

 

 

 

 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Omsorg

Stillingstype:

Sjukepleiar

Søknadsfrist:

08.03.2026

Tiltreding:

Mai 2026

Arbeidsstad:

Førde

Kontaktpersonar:

Adresse:

Prestebøen 8 6809 Førde

Kart: