Sunnfjord kommune Aktivitetseininga

Aktivitetseininga søker etter

Miljøterapeut/ fagarbeidar

Aktivitetseininga i Sunnfjord kommune har aktivitetstilbod til vaksne i alle aldrar i Sunnfjord kommune. Aktivitetstilbodet kan gjevast som opplæring, arbeid eller anna type dagaktivitet til menneske som av ulike grunnar har behov for tilrettelegging eller bistand. Vi har også ansvar for Senter for friskliv og frivilligheit. Vi er i alt 55 positive og engasjerte medarbeidarar som jobbar i eininga fordelt på små og store stillingar i heile kommunen.

Vi har ledig:

  • 100 % vikariat som miljøterapeut/ helsefagarbeidar i perioden 01.10.2023 - 30.09.2024.

Aktivitetseininga driv to kantiner i Førde. Ei personalkantine på Sunnfjord Rådhus for tilsette i Sunnfjord kommune, og ei personal- og deltakarkantine på Førde Resurssenter. Målet vårt for drifta av kantinene våre er å ha gode arbeidsoppgåver for deltakargruppene våre. Vi skal tilby sunn, variert og god mat til konkurransedyktig pris, slik at flest mogeleg av dei tilsette og deltakarane ynskjer å nytte vårt tilbod i kantinene.

Vi har behov for miljøterapeut/ fagarbeidar i 100 % stilling der arbeidet vil vere delt 50/50 på desse to kantinene. Det å utnytte potensialet som ligg i mogeleg samarbeid mellom kantinene og utvikling av nye tilbod knytt til kantinene vil vere eit ansvar den nytilsette får saman med dei andre tilsette i Aktivitetseininga.  

Kvalifikasjonar:

  • utdanning innan helse/sosial/kokk/konditor/pedagogikk, eller anna relevant utdanning
  • interesse for å arbeide med matlaging og praktisk kantinearbeid 
  • god IKT- kompetanse
  • gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Det er ønskeleg at du har:

  • praktisk erfaring med drift av kjøkken/kantiner/kafear (planlegging, gjennomføring, tillaging og økonomi) 
  • interesse og erfaring med å jobbe med menneske som har ulike utfordringar i livet sitt

Vi søker også etter:

  • tilkallingsvikarar

Vi har behov for tilkalliingsvikarar til tilboda våre på Skei, på Sande, i Naustdal og i Førde. Det vil sei Aktivitetseininga for funksjonsnedsette på Skei, i Naustdal og Førde, dagsenter for eldre på Skei og Sande, samt dagsenter for demenssjuke på Skei og på Sande.

Felles for stillingane:

  • du har interesse og erfaring  å arbeide med menneske
  • du har førarkort klasse B
  • du har god IKT- kompetanse
  • du har gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

 Vi søker deg som:

  • er empatisk, imøtekommande og syner respekt
  • har lett for å komme i kontakt med folk
  • er kreativ og glad i menneske
  • er sjølvstendig
  • har gode samarbeidsevner og kan jobbe tverrfagleg
  • har god struktur

 Vi tilbyr:

  • utfordrande, varierte og meiningsfylte arbeidsoppgåver
  • samarbeid med mange engasjerte menneske i kommunen
  • godt arbeidsmiljø
  • gode pensjon- og forsikringsordningar

Politiattest må leverast før start i stilling.

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Du må søke elektronisk.

 

 

 

 

Del på:

Referansenummer:

23/9881

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Omsorg

Stillingstype:

Helsefagarbeidar
Kokk
Miljøterapeut
Sjukepleiar

Søknadsfrist:

24.09.2023

Tiltreding:

01.10.2023

Arbeidsstad:

Førde

Heimeside:

http://921244207

Adresse:

Firdavegen 12 6800 Førde

Kart: