Sunnfjord kommune Sande omsorgssenter

Sande omsorgssenter har ledig 3 faste stillingar som

Helsefagarbeidar

Sande omsorgssenter er ein institusjon som ligg sentralt i Sunnfjord kommune, like ved E-39 og ca 20 min frå Førde. Institusjonen har 40 sengeplassar fordelt på to avdelingar. Omsorgssenteret har 35 årsverk. Lærlingar, elevar og studentar er jamt innom for opplæring og bidreg til eit utviklande miljø. Vi er opptatt av den gode dagen for dei som bur og arbeider her.

Vi har ledig stilling som:  

  • Helsefagarbeidar i 100 % fast stilling frå 01.12.2024
  • Helsefagarbeidar i 100 % fast stilling frå 01.01.2025
  • Helsefagarbeidar i 100 % fast stilling for snarleg tiltreding 

Har du lyst på eit arbeid som gir deg mykje glede, ansvar og faglege utfordringar? Då må du søke stilling ved Sande omsorgssenter.

Arbeidsoppgåvene på dagens omsorgssenter er varierande, spennande og krev faglig dyktighet. Som helsefagarbeidar har du ansvar for heilhetlig pleie, omsorg og behandling av pasientane.

Sikre dokumentasjon iht lovverk og intenrne rutinar, samarbeide med pasient, pårørande og medarbeidarar, veiledning og støttesamtalar, delta og legge til rette for aktivitet, gjeld for alle stillingstypar.

Krav til søkar: 

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidarar
  • beherskar norsk godt, både skriftleg og munnleg
  • politiattest ved start i stilling

Vi ser etter deg som 

  • er fagleg engasjert og har vilje til å halda deg oppdatert
  • er løysingsorintert, fleksibel, tenker nytt og har evne til å reflektere
  • har gode samarbeidsevne
  • er strukturert
  • samarbeider og kommuniserer godt
  • er lojal og bidreg til eit positivt miljø

Vi har prøvd ut langvakter og har god erfaring med det. Det er og høve til å kombinere med langvakt og kortvakt. Vi tilpassar så lenge det let seg gjere etter behov.

Går ein langvakt i helgar; arbeid kvar 4.helg. Kortvakter i helgar; arbeid kvar 3.helg 

Sunnfjord kommune har rekrutterings og stabiliseringstillegg for helsefagarbeidarar i omsorgssenter. 

Velkommen som søkar!

Del på:

Referansenummer:

24/12015

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Omsorg

Stillingstype:

Sjukepleiar

Søknadsfrist:

29.09.2024

Tiltreding:

Snarleg

Arbeidsstad:

Sande

Kontaktpersonar:

Adresse:

Sandevegen 120 6973 Sande

Kart: