Sunnfjord kommune Aktivitetseininga

Aktivitetseininga søker etter nye medarbeidarar

Koordinator

Friskliv og frivilligsenter i Sunnfjord treng fleire tilsette. Vi har ledig ei 100% mellombels stilling i Aktivitetseininga knytt til Friskliv og frivilligsenteret. Vi har også ledig ei 20-40% mellombels stilling knytt til arbeid med BUA. Vi er eit team på 6 personar som saman held i og driftar frivilligarbeidet, frisklivssatsinga og anna førebyggjande arbeid i Sunnfjord kommune. Vi samarbeider med fleire kommunale einingar, frivillig sektor, institusjonar og næringsliv. Aktivitetseininga i Sunnfjord kommune har ansvar for Friskliv og frivilligsenteret som samarbeider om aktivitetar og møteplassar i alle grender i Sunnfjord kommune.

Vi har no ledig stilling til deg som er kreativ og glad i menneske. Vi treng deg som kan vere ein ressurs både på frivillig og frisklivsarbeid i kommunen, saman med resten av teamet. Arbeidet ditt vil vere med å skape og drifte aktivitetar, arrangement og ulike prosjekt knytt til friskliv og frivilligheit i heile Sunnfjord kommune.

Aktivitetseininga har og aktivitetstilbod til vaksne i alle aldrar i Sunnfjord kommune. Aktivitetstilbodet kan gjevast som opplæring, arbeid eller anna type dagaktivitet til menneske som av ulike grunnar har behov for tilrettelegging eller bistand. Vi er i alt 53 positive og engasjerte medarbeidarar som jobbar i eininga, fordelt på små og store stillingar i heile kommunen.

Krav til søkar:

  • høgare helse-/sosialfagleg eller anna relevant høgare utdanning
  • god IKT- kompetanse
  • gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • førarkort klasse B

Vi søker deg som:

  • er kontaktsøkande, uredd, sjølvstendig og initiativrik
  • er utviklingsorientert og handlekraftig
  • er kreativ og glad i menneske
  • er god på å takle eit vidt spenn i oppgåver, er strukturert og flink til å planlegge eigen arbeidskvardag
  • har gjennomføringsevne
  • er ein lagspelar med fagleg autoritet innan ansvarsområdet.
  • er engasjert og har evne til å motivere

Vi kan tilby:

  • utfordrande, varierte og meiningsfylte arbeidsoppgåver
  • samarbeid med mange engasjerte menneske i og utanfor kommunen
  • god forsikrings- og pensjonsordning

Stillingane har ulik oppstartsdato; frå snarast til 1. desember 2024. 

Du må levere politiattest av nyare dato for start i stilling.

Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

Del på:

Referansenummer:

24/12092

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

22.09.2024

Arbeidsstad:

Sunnfjord

Heimeside:

http://921244207

Adresse:

Firdavegen 12 6800 Førde

Kart: