Sunnfjord kommune Førde bu-og miljøteneste, eining 2

Førde bu- og miljøteneste søker etter

Sjukepleiar/Vernepleiar

Førde bu- og miljøteneste eining 2, yt døgnkontinuerlege tenester til personar med psykisk utviklingshemming som treng langvarige og koordinerte tenester.

Arbeidsoppgåvene er knytt til praktisk bistand og opplæring. Dette inneber støtte og opplæring i dagleglivet sine gjeremål. Støtta er også hjelp til å ivareta den psykiske og fysiske helsa til den enkelte, samt delta og legge til rette for sosiale aktivitetar.

Personalbasen vår er knytt opp til omsorgsbustader, men vi yt også tenester til personar som bur andre stader i Førde. Arbeidsoppgåvene er spennande og varierte. Dei gjev deg ansvar, faglege utfordring og mykje glede. Vi ynskjer å levere gode og meiningsfulle tenester der fagutvikling står sentralt.

Vi har ledig følgande stilling:

  • 100 % fast stilling for sjukepleiar eller vernepleiar frå 01.11.24 eller etter avtale.

Stillinga er for tida i 3 delt turnus med korte vakter, langvakter og med arbeid 4 kvar helg. Ynskjer ein ikkje å arbeide langvakter, legg vi til rette for det.

Vi søker deg som:

  • er autorisert sjukepleiar eller vernepleiar
  • norsk autorisasjon
  • har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
  • trivast å jobbe både sjølvstendig og i team
  • er fagleg oppdatert og engasjert
  • er lojal og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • har førarkort klasse B

Arbeidsoppgåver er mellom anna:

  • dagleg omsorg og miljøarbeid til den enkelte
  • fagleg arbeid med observasjon, tilrettelegging, motivering og gjennomføring av tiltak
  • primærkontaktansvar. Utarbeide, følge opp og evaluere helsefremmande, førebyggande og miljøterapeutiske tiltak
  • koordinere og følge opp ansvarsgrupper
  • legemiddelhandtering
  • sikre at gjeldande lovverk og vedtak blir følgde
  • samarbeid med tverrfaglege instansar og pårørande
  • journalføring. Vi nyttar fagprogrammet CosDoc
  • rettleie og vere med på å bidra til fagleg utvikling av tenesta

Vi kan tilby:

  • engasjerte kollegar
  • eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • pasientnært og fagleg fokus
  • varierte og spennande faglege utfordringar
  • god opplæring
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
  • gode pensjons- og forsikringsordningar

 Du søker elektronisk. Politiattest av nyare dato må leverast før start i stilling.

 Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!

Del på:

Referansenummer:

24/12194

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Omsorg

Stillingstype:

Miljøterapeut

Søknadsfrist:

29.09.2024

Tiltreding:

04.11.2024

Arbeidsstad:

Førde

Adresse:

Hafstadvegen 42 0000 Førde

Kart: