
Spanande stilling ledig hos tildelingseininga som
Barnekoordinator
Sunnfjord kommune har samla sakshandsaming innan helse/omsorg i eit miljø – Tildelingseininga for helse- og omsorgstenester. Tildelingseininga er organisert under kommunalsjef for omsorg. Vi er tverrfagleg samansett med sjukepleiar, barnevernspedagog, sosionom, ergoterapeut og vernepleiar, til saman 10 årsverk. Eininga er for tida lokalisert i Rådhuset i Førde, og har ei sentral rolle i Sunnfjord kommune si tenesteyting.
Om stillinga:
Frå 01.08.22 er det ein lovfesta rett til barnekoordinator for familiar som har, eller ventar barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, og der barnet vil ha behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester.
Vi har derfor ledig ei nyoppretta 100 % fast stilling som barnekoordinator ved Tildelingseininga i Sunnfjord kommune.
Ein barnekoordinator har som oppgåve å sikre nødvendig oppfølging og samordning av tenestetilbodet som familien og barnet mottar. Vi ser etter deg som har erfaring frå arbeid med barn og unge med behov for koordinerte tenester. Rettleiing, oppfølging og samordning av tenestetilbod er blant kjerneoppgåvene, og du vil få moglegheit til å aktivt bidra i arbeidet med å utvikle denne tenesta.
Arbeidsoppgåver:
- Koordinere det samla tenestetilbodet for enkelte familiar.
- Ha oversikt over og bidra aktivt til å ivareta kommunens ansvar for nødvendig oppfølging og tilrettelegging for familien og barnet i form av tilbod om eller yting av helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester.
- Gi familien og barnet nødvendig informasjon og rettleiing om helse- og omsorgstjenestetilbudet.
- Gi familien og barnet nødvendig informasjon og rettleiing om andre velferdstjenester og relevante pasient- og brukerorganisasjoner, at familien og barnet gis rettleiing i kontakt med disse, og at det formidles kontakt eller henvisning videre til slike tjenester eller organisasjoner.
- Bidra til framdrift i arbeidet med individuell plan.
- Noko handsaming av søknader om helse- og omsorgstenester er forventa.
- Sikre gode system for nødvendig oppfølging og hjelp til barn og familie.
- Ansvarleg for opplæring og oppfølging av barnekoordinatorer som jobbar i utøvande tenester.
- Del ansvarleg for kursing til nye barnekoordinatorer.
- Sikre at hjelpeinstansar rundt barnet samarbeider om å nå mål, og ansvar for oppfølging av de som har Individuell plan.
- Initiere, innkalle og lede møter knytt til Individuell plan, koordinator og barnekoordinator.
- Sikre god informasjonsflyt mellom hjelpeinstans, forsette og barnet.
- Medansvarleg for kvalitetsarbeid og fagutvikling i tenestene.
- Ha oversikt over og bidra aktivt til å ivareta kommunen sitt ansvar for nødvendig oppfølging og tilrettelegging for familien og barnet, gjennom tilbud om eller ytelse av helse- og omsorgstjenester, brukerorganisasjoner og andre velferdstjenester.
Kvalifikasjonar:
- 3-årig høgskule bachelor i sosialt arbeid (sosionom) eller barnevernspedagog. Søkarar med anna relevant høgskuleutdanning innan helse og sosial kan også bli vurdert
- førarkort kl. B
- erfaring frå tverrfagleg samarbeid med barn og familiar
- god kjennskap til kommunale tenester og spesialisthelsetenestene
- erfaring frå møteleiing og prosessleiing
- erfaring frå koordinatorrolle og Individuell plan
- erfaring frå arbeid med pårørande, sorg og kriser
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- relevant vidareutdanning er en fordel, men ikkje et krav
- personleg eigenskap vert vektlagd
- godkjend politiattest av ny dato må synast ved tilsetting
Personlege eigenskapar:
- engasjement for å bidra til at barn, unge og deira familiar får heilskapleg og koordinerte tenester
- nytenkande og interessert i arbeidet med utvikling av nye tenester som skal være berekraftige
- stor arbeidskapasitet
- positiv, fleksibel og løysingsorientert
- har en heilskaplege tilnærming og god vurderingsevne
- god på relasjonsbygging
- evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert, samtidig som du må trivast med å jobbe i et tverrfagleg miljø
- fagleg engasjert og motivert for kontinuerleg oppdatering og utvikling
- er aktivt med på å bygge opp og bevare et godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr:
- gode kolleger i et utviklende, inkluderende og inspirerende arbeidsmiljø
- aktuell kursing og vidareutdanning etter kompetanseplan
- pensjons- og forsikringsordning etter avtaler i Sunnfjord kommune
- lønn etter sentrale avtaler og Sunnfjord kommune sine lokale avtaler
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
Del på:
Referansenummer:
23/2536
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Administrasjon
Søknadsfrist:
02.04.2023
Tiltreding:
Snarast
Kontaktpersonar:
Heimeside:
https://www.sunnfjord.kommune.no/Adresse:
Hafstadvegen 42 0000 Førde