Sunnfjord kommune Sande bu- og miljøteneste

Sande bu- og miljøteneste har ledig

Helgestillingar og tilkallingsvikarar

Sande bu- og miljøteneste, yt døgnkontinuerlig tenester til personar med psykisk utviklingshemming som treng langvarige og koordinerte tenester. Arbeidsoppgåvene er knytt til praktisk bistand og opplæring. Dette inneber støtte og opplæring i dagleglivet sine gjeremål. Støtta er også hjelp til å ivareta den somatiske og psykiske helsa til den enkelte, samt delta og legge til rette for sosiale aktivitetar.

Vi har ledig: 

  • 18 % fast helgestilling, arbeidstid natt og kvar 4. helg
  • 31 % fast helgestilling, arbeidstid natt og kvar 3. helg
  • 22 % fast helgestilling, arbeid kvar 4. helg med langvakter laurdag og søndag
  • Tilkallingsvakter

Krav til søkar:

  • har 3 årig helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning, fagbrev som helsefagarbeidar eller studentar innan helse og omsorg.
  • vi oppmodar også andre med erfaring eller interesse for denne typen arbeid om å søke. Dei som ikkje har relevant utdanning vurderast tilsett i mellombels stilling.
  • har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • gode IKT kunnskapar
  • førarkort klasse B

 Arbeidsoppgåver:

  • dagleg omsorg og miljøarbeid til den enkelte brukar
  • fagleg arbeid med observasjon, tilrettelegging, motivering og gjennomføring av tiltak
  • primærkontaktansvar. Utarbeide, følgje opp og evaluere helsefremmande, førebyggande og miljøterapeutiske tiltak
  • koordinere og følge opp ansvarsgrupper
  • legemiddelhandtering
  • sikre at gjeldande lovverk og vedtak blir følgde
  • samarbeid med tverrfaglege instansar og pårørande
  • sikre journalføring. Vi nyttar fagprogrammet CosDoc
  • rettleie og vere med på å bidra til fagleg utvikling av tenesta

Vi søker deg som:

  • har ønske om og glede av å arbeide med menneske med ulike behov
  • trivast å arbeide sjølvstendig og i team.
  • er ein god lagspelar og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • er fleksibel, stabil og endringsvilleg
  • er god på relasjonsbygging og skape tillit
  • er fagleg oppdatert og engasjert. Ein pådrivar til å yte god kvalitet av tenestene. Har evne til å reflektere og stimulere til god etisk praksis
  • det er ønskeleg med kjennskap til brukargruppa, men dette er ikkje eit krav

Vi kan tilby:

  • engasjerte kollegar og leiarar
  • eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • pasientnært og fagleg fokus
  • varierte og spanande faglege utfordringar
  • god opplæring
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
  • verne- og sjukepleiarstudentar har eiga lønnsramme, med stigande lønn under studiet

Politiattest må leverast før start i stilling.

Du må søke elektronisk. Vi ser fram til å høyre frå deg!

Del på:

Referansenummer:

23/9880

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Helg

Sektor:

Omsorg

Stillingstype:

Sjukepleiar

Søknadsfrist:

24.09.2023

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Sande

Adresse:

Hafstadvegen 42 0000 Førde

Kart: