Sunnfjord kommune Psykisk helse og rus

Psykisk helse og rus søker etter

Miljøterapeut

Psykisk helse og rus i Sunnfjord kommune er ei eining som er delt i fire soner. I Naustdal, på Vassenden, i Førde og på Sande.

Vi er ei eining som gjev tilbod om samtaleoppfølging og praktisk bistand til personar med psykisk helse- og rusutfordringa heimehøyrande i kommunen. Vi jobbar brukarnært og mange av brukarane våre treng til tider tett og kontinuerlig oppfølging, med trygge og føreseielege rammer. Vi har eit tett samarbeid med jobbspesialistar.   

I eininga er vi omlag 22 årsverk fordelt på dei ulike sonene. Vi har også ei utekontaktstilling i eininga som jobbar førebyggjande opp mot ungdom. I tillegg har vi tilsett erfaringskonsulent i prosjektstilling. Dei tilsette innehar stor grad av fagleg kompetanse og er oppteken av å yte gode tenester. Vi jobbar i team, men mykje av arbeidet er også ein til ein oppfølging. Dette utløyser ein stor grad av sjølvstende i det daglege arbeidet og fordrar at ein er trygg på eigne avgjerdsle.

Vi ynskjer å finne ein dyktig fagperson som kan bidra positivt inn i eininga vår. Vi håpar det er deg. 

Vi har ledig:

  • 100 % vikariat på Sande frå januar 2024

Stillinga er arbeid på dagtid.

  •  80-100 % vikariat i Førde frå januar 2024

Stillinga er turnusarbeid – langvakter, dag og kveld med moglegheit for arbeid på helg. 

Kvalifikasjonar:

  • tre-årig høgskule med helse- og sosialfagleg bakgrunn. Anna relevant kompetanse og erfaring vil også verte vurdert
  • gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter
  • førarkort klasse B

Personlege eigenskapar vert vektlagt i stor grad og vi ser etter deg som har:

  • gode samarbeidsevner
  • positiv, nysgjerrig og reflekterande
  • strukturert
  • sjølvstendig og trygg
  • fleksibel og løysningsorientert         
  • bidreg positivt i arbeidsmiljøet 

Arbeidsoppgåver :

  • oppfølging av tenestemottakarar
  • dokumentere i relevant fagsystem
  • arbeide tett og tverrfagleg med samarbeidspartar
  •  bidra i felleskap til planlegging og systematisering av arbeidsdagen

Vi tilbyr:

  • tverrfagleg arbeid
  • engasjerte kollegaer og leiarar
  • godt arbeidsmiljø
  • faglege utfordringar
  • løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning

Vi oppmodar menn om å søke, då vi ønsker å ha ei jamnare fordeling av kvinner og menn i eininga vår.

Du søker elektronisk.

 

Velkommen som søkar!

 

 

Del på:

Referansenummer:

23/9842

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse

Stillingstype:

Miljøterapeut

Søknadsfrist:

23.09.2023

Adresse:

Hafstadvegen 42 0000 Førde

Kart: