
Førde bu- og miljøteneste, eining 3 har ledig stilling for
Helsefagarbeidar i langvaktsturnus
Førde bu- og miljøteneste, eining 3, yt døgnkontinuerleg tenester til personar med psykisk utviklingshemming som treng langvarige og koordinerte tenester. Dette inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivet sine funksjonar som hygiene, ernæring og sosiale ferdigheiter. Støtta inneber også hjelp til å handtere og meistre somatiske og psykiske vanskar.
Vi har ledig:
- 80 % mellombels stilling i langvaktsturnus i eit einetiltak
Arbeid 3 kvar helg og langfri i turnus. Ettersom dette er eit sjukevikariat vil stillinga vere mellombels utan eksakt sluttdato.
Du arbeider aleine med ein kvinneleg tenestemottakar som bur i ein privat tilrettelagd bustad. Det er difor viktig at du trivast med å arbeide aleine.Stillinga inneberer langvakter med oppstart ettermiddag med påfølgande sovande nattevakt (13 t).
Kvalifikasjonar:
- norsk autorisasjon som helsefagarbeidar, eller annan relevant helsefageleg utdanning
Du må ha:
- god norsk munnleg og skriftleg kommunikasjonsferdigheiter
- førarkort (manuell gir)
- godkjent politiattest før oppstart i stillinga
- gode datakunnskapar
- evne til å arbeide sjølvstendig og kunne ta initiativ og ansvar
- gode personlege eigenskapar
- positiv, fleksibel og løysingsorientert haldning
Arbeidsoppgåver:
- Sikre eit fagleg og målretta miljøterapeutisk arbeid til brukar.
- Ansvar for legemiddelhandtering og oppfølging av dokumentasjon.
- Oppfølging i dagleglivet sine oppgåver og aktivitetar.
- Samarbeide med pårørande og andre samarbeidspartar.
- Fokus på aktivitetar, ernæring og skape ein god kvardag for brukar.
Vi tilbyr:
- godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- spanande og faglege utfordringar
- rettleiing/fagleg oppdatering
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
- langvaktsturnus (13 t) med sovande nattevakt
Velkomen som søkar!
Du må søke elektronisk
Del på:
Referansenummer:
23/9882
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Omsorg
Stillingstype:
Helsefagarbeidar
Søknadsfrist:
24.09.2023
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Førde
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.sunnfjord.kommune.noAdresse:
Steinavegen 40 6800 Førde